Jerrod Niemann
Jerrod Niemann | |||
| |||
Fødd | 24. juli 1979 (45 år)[1] | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Harper | ||
Fødenamn | Jerrod Lee Niemann | ||
Opphav | Liberal i Kansas i USA | ||
Aktiv | Sidan 1999 | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Lee Brice | ||
Plateselskap | |||
Verka som | Songar-låtskrivar |
Jerrod Lee Niemann (fødd 24. juli 1979) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar.
Niemann gav ut debutalbumet sitt, Judge Jerrod & the Hung Jury, i 2010. Han har etter kvart hatt minst ti topp 40-singlar på Hot Country Songs- og Country Airplay-listene, mellom andre «Lover, Lover» og «Drink to That All Night», som begge gjekk heilt til topps.
Han har skrive tre songar for Garth Brooks, mellom andre hitten «Good Ride Cowboy». Andre artistar som har spelt songane til Niemann er mellom andre Jamey Johnson, Lee Brice, Blake Shelton, Colbie Caillat, Diamond Rio, The Cadillac Three, Mark Chesnutt, John Anderson, Neal McCoy, Christian Kane og Julie Roberts. Niemann var gjesteartist på The Doobie Brothers-albumet Southbound i 2014.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
- Long Hard Road (1999)
- Jukebox of Hard Knocks (2004)
- Judge Jerrod & the Hung Jury (2010)
- Free the Music (2012)
- Yellow Brick Road (2013)
- High Noon (2014)
- This Ride (2017)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jerrod Niemann» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mullins, Moon. «Jerrod Niemann, Pam Tillis Celebrate Birthdays — Today July 24 [Video]». Wbkr.com.